Hjem

Bjelland Idrettslag

Velkommen!

Takk til våre sponsorer!

 

Bjelland IL ønsker å være være et

aktivt og inkluderende idrettslag

slik at så mange som mulig får delta i

idrett og fysisk aktivtet

 

Bjelland Idrottslag blei skipa våren 1918 etter opptak av Magnus Breilid, som også var formann i fyrste styret for laget med Toralf Fugletveit som varaformann og Ola Å. Trygsland som kassastyrar. Det melde seg 20 medlemer på skipingsmøtet.

Den fyrste oppgåva styret fekk, var å skaffa ein plass ungdomen kunne driva sumaridrott. Etter avtale med dåverande sokneprest Asserson og tilsynet for prestegarden fekk laget lov å nytta den nedlagde husmannsplassen Monan. Med litt dugnadsarbeid fekk dei ein plass slik at det gjekk å driva friidrott, og same hausten var den fyrste idrottstevlinga, bare for bjelldølar. Det var Magnus Breilid og John Mindrebø som var flinkaste idrottskarane den tida. Laget satsa også på sykkelsport, og eit sykkelritt same dagen blei vunne av Lars Skjeggestad, som og vann fleire sykkelritt seinare.

 

Det fyrste hopprennet blei halde på øvre Homme i februar 1920. Klassevinnarar var Magnus Homme og Ola Svenson Foss. Det fyrste langrenn i mars 1923 vann Lars Trygsland.

 

Monan vart samlingstaden heilt fram- til 1929, då plassen blei seld frå prestegarden og der blei bygd og rydda ny gard. Så flytta sumaridrotten til Einhagen, og ein fekk på nytt — med litt dugnadsarbeid — rydda ein brukbar plass, og dette blei då idrottsplassen i heile 30 år, då kommunen bygde ny idrottsplass for offentlege tilskot på Kvimo. Denne plassen kosta kr. 32.000. Men før den tid hadde laget fenge to skibakkar i Einhagen, leigde av prestegarden.

 

Når ein ser bort frå dei 5 okkupasjonsåra 1940 - 45, så har det vore litt aktivitet i idrotten kvart år, men det har gått opp og ned, både med medlemstalet og resultata. I åra etter siste krigen har det vore vanskeleg å få ungdomen større interessert for idrott, og mange av dei unge har óg drege bort frå bygda. Men så har elevar på barne- og ungdomsskulen vore mykje meir aktive enn før.

 

Skal me nemna nokre namn frå lagets fyrste tid, sa tek me med Knut Hefteli og Ola E. Trygsland, som i mange år toppa premielistene og sette lagsrekordar i friidrott som stod uslått i over 40 år.

 

Frå skisporten må ein nemna Knut Ask i hoppbakken og Torkel J. Abelsæth i langrennsløypa.

 

Før idrottslaget blei skipa, var det mest ikkje idrott i bygda, frårekna 17. mai, då det var tevlingar. Før kommunelokalet blei bygt og Bjelland blei sentrum i bygda, var dei fleste samkomer på Hesså. Her var óg 17. mai-festane, og det var ei årviss og tradisjonell tevling med kapplaup frå Hessabrua til Bitemoen, fram og attende. Dette kapplaupet blei i mange år vunne av Ånen Torkildson Tversland med Ola L. Hesså som hardaste medtevlar.

 

Frå 1910 blei 17. mai-festane på Bjelland, og der var det tevlingar i laup og hopp, og namnet Martin Tønnesland blei lenge hugsa i den samanheng. Vanlege skirenn var det ikkje, men mykje meir aktivitet på ski, både av unge og eldre. Men det galdt helst kven var best til å stå dei brattaste bakkane. Ein segnfigur i så måte var Ola Berntsen. Han var fødd på Hesså i 1798, og som ung sto han ned heile «Brotan» på Hessågarden med ei øks i handa. Han kom frå tømmerhogging på Florhei.

 

I 1901 var det to karar frå Bjelland, Ola Reiersen Abelsæth og Jens Hjemlestad som drog på ski til Mandal for å vera med i eit hopprenn der, men det blei fortalt at dei rakk ikkje opp på premilista. Ein har elles soga om Salve Roseland, fødd i 1796, som sto ned bakken frå Brokka til Mindrebøvatnet på ski og på godt føre med eit dåpsbarn i fanget. Det same gjorde Jens Røynesdal ned det bratte Moneskotet.

Rent idrettslag

 

Rent Idrettslag er et konsept forbeholdt organisasjonsledd som er en del av Norges idrettsforbund. For idrettslaget er det en enkel og fin måte å sette fokus på verdiarbeid og antidoping. Vi er stolte over å ha sertifikat som Rent Idrettslag.

 

Ren Utøver er et e-læringsprogram for idrettsutøvere og støtteapparat, oppdatert i henhold til antidopingregelverk gjeldende fra 1. januar 2015. Gjennom sju korte opplæringsmoduler på 3 til 4 minutter, vil du lære det viktigste innen antidoping.

 

Vi oppfordrer foreldre, trenere og andre tillitsvalgte til å gjennomføre e-læringsprogrammet!

Kontakt oss

 

Bjelland Idrettslag

Tønnesland, 4536 BJELLAND

Email: info@bjellandil.no

Facebook: www.fb.com/bjellandil

Copyright @ All Rights Reserved